Velferdssenter

Det svinga på onsdagskafeen på Velferdssenteret

Onsdagskafeen til Røde Kors besøksteneste, ein suksess!

Velferdssenter
Onsdagskafé på Velferdssenter
Velferdssenter
Onsdagskafé på Velferdssenter

Røde kors si besøksteneste i Vik yter tenester i det store og det små. Mange på sjukeheimen og ved omsorgsbustadene får jamleg vitjing av venlege personar. Gode samvær og gode samtalar, tur ut eller ei lesestund er berre litt av det desse frivillige bidrar med. Ein stor verdi i kvardagen.

Ein gong i månaden arrangerer dei "Onsdagskafe" og denne veka var siste samling denne våren. Det var 110 personar samla på Velferdssenteret, aldri har der vel før vore så mange til stades. Ein flott blanding av dei som yter og dei som nyter. Frelsesarmeen sin Strengemusikk spela saman med Gamlekara. Det svinga så dansefoten vart trigga. Kjende og kjære songar og melodiar gav god stemning!

Slik frivillig innsats er til nytte og glede og betyr mykje i lokalsamfunnet generelt og i omsorgssektoren spesielt. Og, som leiar i besøksteneste Olav Fimreite sa, så gir dette også glede for dei som på denne måten gir litt av si tid.

På vegne av Vik kommune og dei som nyter godt av det frivillige arbeidet, vil eg rette ei stor takk til Røde Kors si besøksteneste, Helselaget som driv Seniortreff, Lions, Strengemusikken og Gamlekara som bidrar med sang og musikk. Takk også til andre som stiller opp om ikkje dei er nemnt særskilt her. Eg vil også nytte høvet til å takke for det gode samarbeidet mellom organisasjonane og tenesteapparatet. Ein god tradisjon som me må føre vidare!

Marit J. Anderssen
Omsorgssjef

 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut