Detaljregulering Blix hotell m.m

Detaljregulering Blix hotell med meir. Avgrensa høyring

Revidert planframlegg vert sendt på avgrensa høyring til grunneigarar og offentlege instansar som har kome med merknader i samband med høyring og offentleg ettersyn. 

Framlegg til detaljregulering Blix hotell med meir vart i samsvar med §12-10 i Plan- og bygningslova sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 09.01.2019 -01.03.2019.
Det kom inn fleire merknader. 

Vik kommune, som tiltakshavar av planen, har no revidert planframlegget. Endringane er i samsvar med det som kjem fram i vår oppsummering og vurdering av merknadane. I tillegg til merknader frå offentlege instansar og grunneigarar har Vik kommune fått hjelp av plankonsulent Norconsult til å gjera ei vurdering av vegføringane i planen. Vegnotatet ligg som vedlegg til planframlegget. Deira vurdering har ført til mindre endring av veg V3 i plankartet. 

Revidert planframlegg er sett saman av fleire dokument: 
• Plankart (Pdf)
• Illustrasjonsplan (Pdf)
• Føresegner (Pdf)
• Planomtale (Pdf)
• ROS-analyse (Pdf)
• Oppsummering av merknadane og Rådmannen sin vurdering (Pdf)
• Merknader som kom inn i samband med høyring og offentleg ettersyn (Pdf)
• Flomsonekartlegging Vikøyri (Pdf)
• Notat vegutforming detaljregulering Blix hotell mm (pdf)

Dersom de har merknad til det reviderte planframlegget skal det sendast til Vik kommune, boks 134, 6891 Vik i Sogn eller på e-post til:
postmottak@vik.kommune.no innan 26.08.19

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut