Øenmarki bustader skisse

Detaljregulering for Øenmarki bustader til offentleg ettersyn

Vik kommune har avgjort at privat framlegg til detaljregulering for Øenmarki vert lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i samsvar med Plan- og bygningslova §§12-10 og 12-11.

Planområdet er på om lag 5 daa og ligg i Vik sentrum, aust for rv13 og sør for Vikjahalli. Området er ikkje tidlegare utbygd.

Planen legg til rette for utbygging av om lag 20 leilegheiter i varierande storleik. Framlegg til arealbruk er i samsvar med gjeldane kommuneplan.

Høyringsinstansar og partar i planområdet får plandokumenta tilsende. Plandokumenta vert også  lagde ut på kommunehuset.

Merknader må sendast til Vik kommune, boks 134, 6891 Vik i Sogn eller på e-post: Postmottak@vik.kommune.no, innan 24.08.2017.

Innspel/merknad kan òg sendast på formularet nedanfor. Merkn./innspel går då rett til kommunen sitt postmottak

Turid K. Brekke
922 28 593






Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut