Tenester A-Å
Driftsbygning i landbruket
Generelt
Tenesteomtale
Skal du føre opp ein driftsbygning på gardseigedomen din, må du søkje kommunen om løyve. Arealet kan vere inntil 1000 m2 bruksareal (BRA). Du må òg søkje om løyve dersom du skal gjere omfattande endringar eller reparasjonar eller du ønskjer å rive bygningen.
Skal du byggje over 1000 m² driftsbygning, er han ikkje ein alminneleg driftsbygning etter lova, og du må sende inn full søknad etter pbl. § 20-1.
Kriterium/vilkår
- Nabovarsling må vere gjort
- Tiltaket må oppfylle alle krava til tiltaket i plan- og bygningslova, slik som avstand til nabo, visuell utforming og tekniske krav
- Tiltaket må ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen eller reguleringsplanen
Pris for tenesta
Du betaler eit gebyr for saksbehandlinga.
aaaLover
ForvaltningslovenPlan- og bygningsloven
Forskrifter
Byggesaksforskriften (SAK 10)___
Praktiske opplysningar
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Du sender ein skriftleg søknad til kommunen. Det må gå fram om du søkjer om dispensasjon frå eitt eller fleire av vilkåra (sjå over).
Vedlegg
- Situasjonskart
- Fagmessig utførte plan-, snitt- og fasadeteikningar
- Utgreiing/kvittering for nabovarsling og eventuelle nabomerknader
Kommunen kan krevje meir dokumentasjon dersom det er nødvendig.
Sakshandsaming
Dersom søknaden er fullstendig og tiltaket ikkje er i strid med reglar og planar (sjå feltet Kriterium/vilkår), skal kommunen gje løyve innan ein bestemd frist (sjå under). Søkjaren og dei som eventuelt har kome med merknader, får eit skriftleg vedtak. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein meiner at du kan bli misnøgd med vedtaket.
Sakshandsamingstid
Ein søknad om løyve som ikkje medfører dispensasjon frå vilkåra, skal avgjerast av kommunen innan tolv veker. Byggjesaksgebyret skal reduserast med 25 % for kvar påbegynte veke tidsfristen overskridast.
Dersom det i tillegg ikkje har kome merknader frå naboar/gjenbuarar og det ikkje er nødvendig med fråsegner frå anna myndigheit, skal kommunen avgjere saka innan tre veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort søknaden innan fristen har gått ut, reknast løyve for gjeve, forutsett at det du søkjer om, ikkje er i strid med reglane. Har det derimot kome protestar frå naboar/gjenbuarar, og kommunen ikkje har gjort vedtak innan trevekersfristen, kan du ikkje rekne løyve for gjeve.
Høve til å klaga
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
___Andre opplysningar
- Dato oppdatert
- 2020-03-02 08:27
Sjølvbetening
- Ansvarsrett - søknad
- Boligspesifikasjon i matrikkelen
- Driveplikt - søknad om fritak
- Enkeltvedtak - klage
- Felling av trær/rydding av kratt på kommunal grunn - søknad
- Ferdigattest – søknad
- Forhåndskonferanse - bestilling
- Gjennomføringsplan
- Igangsettingstillatelse - søknad
- Konsesjon på erverv av fast eiendom - søknad
- Midlertidig brukstillatelse - søknad
- Opplysninger om tiltakets ytre rammer
- Oppmålingsforretning - fullmakt
- Oppmålingsforretning - kvittering for varsel
- Oppmålingsforretning etter matrikkelloven - rekvisisjon
- Oppmålingsforretning søknadspliktige tiltak - rekvisisjon
- Tillatelse - søknad om endring av gitt tillatelse eller godkjenning
- Tiltak - melding om antatt ulovlig tiltak etter plan- og bygningsloven
- Tiltak - søknad om tillatelse til tiltak
- Tiltak - søknad om tillatelse til tiltak uten ansvarsrett
Tenesteomtalar
- Bruksendring
- Bustad - oppføring av ny bustad
- Byggjetiltak på eigedom som det er bygt på
- Byggjetiltak som ikkje krev søknad og løyve
- Driftsbygning i landbruket
- Driveplikt på landbrukseigedom - søknad om fritak
- Forureina grunn - bygging og graving
- Førehandskonferanse
- Konsesjon og buplikt - landbrukseigedom
- Landbrukseigedom - deling
- Nabovarsel - byggjesak
- Produksjonstilskott i jordbruket
- Sjølvbyggjar
- Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)