Tenester A-Å
Eigedomsskatt - nedsetjing og ettergjeving
Generelt
Tenesteomtale
Du kan søkje om å få sett ned eller ettergjeve eigedomsskatten dersom det har kome til forhold som gjer det svært urimeleg å krevje inn skatten. Døme på slike forhold er sjukdom, brann eller naturkatastrofar.
Det er dei politiske organa i kommunen som avgjer om det skal innførast eigedomsskatt.
Målgruppe
Eigarar og brukarar av eigedommar som er ilagt eigedomsskatt
Sjå spesielt eigedomsskattelova § 3 og § 28. Sjå òg eigne kommunale vedtekter om eigedomsskatt.
Lover
Eigedomsskattelova___
Praktiske opplysningar
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Nedsetjing kan skje etter søknad frå skattytaren. Kommunen kan òg setje ned skatten på eige initiativ.
Sakshandsaming
Formannskapet gjer vedtak om å setje ned eller ettergje skatten.
Høve til å klaga
Det er ingen lovfesta rett til å klage. Du kan likevel søkje på nytt om du meiner at saka ikkje er utgreidd nok eller at situasjonen har endra seg.
___Andre opplysningar
- Dato oppdatert
- 2020-03-02 08:27