Arnafjord

Ein million i statleg støtte til breiband i Arnafjord

Sogn og Fjordane får tildelt 30,25 millionar i statleg støtte til breibandsutbygging. Av desse er Arnafjord tildelt 1 million.

Til saman 21 delprosjekt får støtte, og Arnafjord er eit av desse. Planleggingsarbeidet vil starta opp alt i haust, og frist for ferdigstilling av nytt høgkapasitet breiband i Arnafjord vil truleg vera desember 2018. Vik kommune vil informera meir om prosjektet etter kvart som prosjektplanane vert klare.

Den statlege støtteordninga vert forvalta av NKOM (Nasjonal kommunikasjonsmyndighet), og her kan du lesa meir om tildelingane i 2016.

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut