Ekstremveret Nina - status

NVE melder framleis faregrad 4 for snøskred.  Fylkesveg 92 mellom Vik og Arnafjord og fylkesveg 182 mellom Feios og Fresvik er begge opna att for trafikk.

 

NVE melder om stor snøskredfare for Sogn og Fjordane

Også søndag 11.1.2015 melder NVE faregrad 4 for snøskred.

Sjå www.varsom.no/snoskred for mer informasjon og oppdateringar.

 

Dei to stengde fylkesvegane er opna for trafikk

Fylkesveg 182 mellom Feios og Fresvik er opna for trafikk.

Fylkesveg 92 mellom Vik og Arnafjord er opna for trafikk.

Sjå vegmeldinga sine nettsider for oppdatert informasjon om situasjonen på vegane våre.

 

Ferjesambandet Vangsnes - Hella - Dragsvik

Fjord1 Rute 1104 Dragsvik-Hella-Vangsnes: Ingen rasfare i Esefjorden lenger og normal rutedrift i sambandet frå 12:30 sundag.

 

Kommunikasjonsberedskap

For etablert kommunikasjonsberedskap i kommunen, sjå informasjon her.

Tips ein ven  Skriv ut