Kart over endra plangrense detaljregulering Fedjane i Feios

Endring av plangrense for detaljregulering Fedjane i Feios

Vik kommune varslar i samsvar med vedtak i formannskapet (saksnr 038/19) endring av plangrense for pågåande planarbeid i Feios. 

I juni 2018 varsla Vik kommune oppstart av to reguleringsplanar i Feios, «bustadområde Fedjane vest» og «Feios skule m.m.». I planprosessen har det vist seg at det er vanskeleg å få til gode vegløysingar og attraktive bustadtomter i deler av området.

Ved å endre plangrensa er det mogeleg å få til løysingar som gir rom for ein betre heilskapleg utvikling. Endra plangrense for detaljregulering legg til grunn at dei to tidlegare planområda vert samla til eit planframlegg. 

Målet med planen er å legge til rette for: 
• Nye bustadtomter sør for fylkesvegen, aust for Feios kyrkje.
• Vurdere mogeleg kombinerte fritidsbustader-/bustadtomter i deler av Rinde hyttefelt.
• Ny parkeringsplass for Feios kyrkje og kyrkjegardane.
• Styrke Feios skule- og barnehage med naudsynt areal for utbygging og tilstrekkeleg område for uteleik og friluftsliv.
• Ny fjordsti – ein ny turveg frå Feios skule, gjennom friområde og vidare inn på nedre Rindevegen. 

Vedteken arealdel i kommuneplanen av 2014 vert lagt til grunn for planarbeidet pdf

Ny planavgrensing er vist på kartutsnitt, sjå denne lenkja: 
Endra plangrense Fedjane.pdf

Frist for å koma med merknad er 30.09.2019.

Høyringsinstansar, partar og naboar vert varsla med brev.

Merknader og innspel kan sendast på e-post til: postmottak@vik.kommune.no eller som brev til Vik kommune, postboks 134, 6893 Vik i Sogn, eller i formularet nedanfor.






Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut