Ergoterapi

Generelt

Tenesteomtale

Ergoterapeutar hjelper til med å finne løysingar når det oppstår eit gap mellom helsa di og krava i kvardagen. Ein ergoterapeut gjer det mogleg for deg å utføre dei aktivitetane som er viktige i livet ditt.

Ergoterapeuten

  • er meir opptatt av løysingar enn av problem
  • startar alltid med å spørje om kva som er viktig i livet ditt
  • undersøkjer og vurderer funksjonane dine, det du vil gjere og omgivnadene dine
  • formidlar og tilpassar tekniske hjelpemiddel og velferdsteknologi
  • legg til rette dei fysiske omgivnadene i heimen, i barnehagen, på skulen og på arbeidsplassen

Ergoterapeutar hjelper til med å finne løysingar når det oppstår eit gap mellom helsa di og krava i kvardagen. Ein ergoterapeut gjer det mogleg for deg å leve eit så aktivt liv som råd er.

Tenesta går inn som ein del av kommunen sitt tverrfaglege habiliterings- og rehabiliteringstilbod, både i sjukeheim og i private heimar.

Hjelpetilbod i kommunane lenkje frå helsenorge.no

Målgruppe

Alle som på grunn av nedsett funksjonsevne har utfordringar med aktivitetar i kvardagslivet.

Kriterium/vilkår

Kommunen vil gjere ei fagleg vurdering av behovet ditt for ergoterapi.

Pris for tenesta

Tenesta er gratis.

aaa

Ergoterapi er ein del av kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta. Sjå òg pasient- og brukarrettslova § 1-3 og  kapittel 7.

Lover

Helsepersonelloven
Pasient- og brukerrettighetsloven

Forskrifter

Forskrift om habilitering og rehabilitering
___

Praktiske opplysningar

Høve til å klaga

Dersom du meiner at du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.

___

Andre opplysningar

Dato oppdatert
2019-08-26 11:28

Sjølvbetening

Tenesteomtalar

Avdelingsinformasjon