Ergoterapi

Ergoterapi kan vera aktuelt når dagleglivet vert ei utfordring.

Ergoterapeut Frøydis Haga har kontorstad i kjellaren på Vik Bygde og Sjukeheim

Dagleglivet er fylt av ulike aktivitetar: 

  • å stå opp, gå på toalettet og vaska seg
  • laga mat, eta og drikka, rydda og gjera reint
  • gjera innkjøp, stella born, køyra bil
  • gå i barnehage, på skule, studera eller arbeida
  • dyrka hobbyar, vera saman med andre
  • sjå på tv, lesa eller lytta på radio og musikk 
  • gå tur, sykla eller vera på reise
  • vera ektefelle, forelder, nabo eller ven
  • delta i organisasjonslivet og i samfunnet for øvrig

Ergoterapitenesta kan gje tilbod om fylgjande tenester:

  • vurdering og trening av fysiske og kognitive ferdigheiter
  • planleggja fysisk tilrettelegging i heimen (bustadtilrettelegging), på arbeidsplassen, i barnehagen eller på skulen, eller i utemiljø
  • vurdera, tilretteleggja og tilpassa gjeremål/aktivitet
  • vurdera, søkja og gje opplæring i aktuelle hjelpemiddel
  • rettleiing av brukar, pårørande og hjelparar
  • førebyggjande arbeid for å unngå skade eller sjukdom
  • arbeidsplassvurdering (når tenesta har kapasitet)
  • arbeid med rehabilitering og individuell plan

 

Målgruppa er mennesker i alle aldrar og livsfaser med risiko for helseplager, som har ulike sjukdommar, skader og funksjonshemmingar. 

Ergoterapeuten jobbar for at ein skal kunna vera mest mogeleg sjølvhjelpen i det daglege, kunna bu i eigen heim så lenge som råd, kunna delta i dei aktivitetane ein ynskjer, og oppleva ein meiningsfull kvardag.

Ergoterapeut er kommunal kontaktperson for Hjelpemiddelsentralen, i tillegg til å vera rørslekontakt, synskontakt og IK-kontakt (datahjelpemidler).

Ergoterapeuten jobbar tverrfagleg saman med andre tenesteytarar.

Tenesta er gratis, men tiltak kan utløysa kostnad for brukar. 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut