SDP

Få din eigen digitale postkassen

Heile 32,3 % av innbyggjarane over 15 år i Vik kommune har alt teke i bruk digital postkasse. Bli med å hjelpa oss å ta framtidsretta steg du også, og få tilgang til posten din på ein trygg måte - same kvar du er i verda.

Vik kommune er klar til å senda deg post digitalt. Målet er å auka effektiviteten i saksbehandlinga, redusera papirforbruk, redusera CO2-utslepp knytt til transport, og å minska kostnadane. Hjelp oss å ta framtidsretta steg, og opprett din digital postkasse i dag. Med ein slik postkasse får du post frå kommunen og andre offentlege instansar digitalt, trygt og alltid tilgjengeleg!   


Nokre av fordelane ved å oppretta personleg, digitale postkasse:

  • Det er tryggare enn all anna postgang.
  • Det er gratis å bruka.
  • Du tek imot og lagrar viktige brev ein stad, både frå private og offentlege verksemder. 
  • Du får viktige brev der du er – tilgang til posten over heile verda.
  • Når du får brev, blir du varsla på SMS eller e-post.
  • Når saksbehandlinga til kommunen er ferdig, får du raskt vita resultatet.

Klikk på knappen nedanfor for å koma i gang!

 

Opprett-knapp

 

Dersom du ønskjer hjelp til å oppretta digital postkasse:

Difi Brukarstøtte digital postkasse og ID-porten:
Grønt nummer 800 30 300
E-post: brukerstotte@difi.no
Nettprat: Chat  - Snakk direkte med brukarstøtta 

 

 

 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut