Farleg avfall

Generelt

Tenesteomtale

Kommunen skal sørgje for at det finst mottak der du kan levere farleg avfall. Sørg for at emballasjen er tydeleg merka med opplysingar om innhaldet. 
 
Eksempel på farleg avfall frå hushald er:
  • Reingjeringsmiddel
  • Måling
  • Lim
  • Lakk
  • Sprayboks
  • Lysstoffrøyr
  • Løysemiddel
  • Bilpleiemidel
  • Bilolje
  • Båtpleiemidel
  • Skismørjing med fluor/fluorkarbon
  • Skirens
  • Bekjempningsmiddel
  • Naglelakk
  • Naglelakkfjernar

Målgruppe

Hushald og verksemder med mindre mengder farleg avfall.

Kriterium/vilkår

Kommunen si plikt avgrensar seg til å ta imot inntil 1000 kg totalt per år per avfallseigar. 

Pris for tenesta

For hushald er det gratis å levere farleg avfall. Renovasjonsavgifta dekkjer dette. Verksemder må betale gebyr når avfallet blir levert.

Samarbeidspartnarar


aaa

Dette er ei lovpålagd teneste, sjå avfallsforskrifta kap. 11. Vedlegg 1 til kapittel 11 definerer kva for avfallstypar som er farleg avfall.

Forskrifter

Avfallsforskriften
___

Andre opplysningar

Dato oppdatert
2020-03-02 08:27

Tenesteomtalar