Du er her: Heim Næringsliv Skogbruk
Feiosprosjektet

Feiosprosjektet - sluttrapport

Feiosprosjektet var ein del av prosjektet „Fra ti til en”. Det var eit 5-årig KMB-prosjekt (kompetanseprosjekt med brukarmedverknad) i regi av Norsk institutt for Bygdeforskning i samarbeid med Norsk institutt for skog og landskap (no: NIBIO).  I denne artikkelen finn du mellom anna sluttrapporten frå prosjektet.

Feiosprosjektet
Åfetdalen sett frå Dregane
Skogsveg
Utsikt frå Lundslivegen mot Åfetdalen
Tømmerkai
Tømmerkaia på Håastrondi i Feios

Prosjektet starta i 2009 og slutta i 2014. Det handla om eigedomsoverbyggjande samarbeid mellom private skogeigarar i kystskogbruket. Ein ville m. a. sjå på spørsmålet om skogen til mange kan forvaltast som ei eining. I styringsgruppa for prosjektet var det representantar frå Feios skogreisingslag, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Skognæringsforum Sogn og Fjordane og Vik kommune.

Prosjektet blei finansiert av Norges Forskningsråd og skognæringa i dei fylka som er med i Kystskogbruket. Forskingsmidlane fekk prosjektet via Jordbruksavtalen.

Under prosjektperioden blei det bygd opp mykje kompetanse, både hjå skogeigarane og i prosjektet si styringsgruppe. Gjennom denne nettsida skal dei viktigaste resultat gjerast tilgjengeleg for allmenta. Slik kan erfaringane frå prosjektet også nyttast i framtida, når den største delen av skogreisingsskogen i Feios skal haustast. Nokre resultat frå prosjektet kan truleg også overførast til andre område i Vik eller andre kommunar.

 

Sluttrapport

 

Skogressursar i Feios

I 2010 blei det gjennomført ein systematisk prøveflatetakst for litt over 3000 dekar (daa) skog i Feios som blei publisert i rapporten «Skogressurser i Åfetdalen».

I tillegg blei det utarbeidd skogbruksplanar for 76 enkelteigedomar i Feios pluss 3 store sameige, som til saman dekker kring 17.500 daa. Registreringane i samband med dette blei utført som bestandstakst. Staten gav eit tilskot til skogbruksplanane, slik at eigarane av dei 76 eigedomane kunne få tilbod om å kjøpe planane til ein rimeleg pris. Mange har brukt tilbodet. Skogbruksplanane som hittil ikkje blei kjøpte blir no forvalta av Vik kommune og kan ved interesse framleis kjøpast. Ta i så fall kontakt med kommunen.

Vedlagt skogbruksplanen er det bestandskart i målestokk 1:5000. Det blei også gjennomført miljøregistreringar (MiS) som inngår i planen t. d. i form av registrerte nøkkelbiotopar. Eit døme kan vere livsmiljø i skogen som er spesielt viktige for det biologiske mangfaldet. Alle med skogareal større enn 100 daa som vil levere tømmer må ha utført miljøregistreringar på eigedomen sin. Planane inneheld også behandlingsforslag i planperioden dvs. når felt bør hoggast og med kva metode, og kvar det bør plantast til att.

 

Samarbeid om skogsvegar

Dei beste skogsvegløysingar krev ofte eit samarbeid mellom fleire skog- og grunneigarar, og då bør det dannast eit veglag. Vegavtalen regulerer også bruken av vegen av eigarane eller andre interessentar og fordeling av kostnader for vedlikehaldstiltak. Også ved eventuell naturskade på vegen er det viktig å ha eit veglag. Kommunen kan hjelpe til i prosessen ved å t. d. vere ein nøytral rådgjevar under arbeidet med vegavtalen eller skiping av veglag.

Det var god prosjektdeltaking og engasjement i Feios. Tone Feidje Midlang (Feios skogreisingslag) og Rune Lunde (Feios skogreisingslag/Borregaardfondet) gjorde ein stor innsats i styringsgruppa, Rune som leiar. Ein stor takk går også til dei andre i styringsgruppa: Merete Larsmon, Veronika Seim Bech og Hans F. Lauvstad. Feiosprosjektet vil til slutt og spesielt takke alle skogeigarane i Feios. Utan dykkar bidrag hadde prosjektet ikkje kunne gjennomførast!

Tips ein ven  Skriv ut