Forhandlingsutvala

Felles møte om intensjonsavtale for ein ny kommune

Kommunane Balestrand, Leikanger, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal var samla på Årdalstangen torsdag og fredag. Dei seks kommunane er i gang med å forhandla om intensjonsavtale for ein ny kommune.

I oppstartsmøtet vart tenestetilbod, samferdsle, samfunnsutvikling og lokaldemokrati drøfta. Dei brukarnære tenestene som barnehage, skule, sjukeheim, legeteneste og kulturtilbod skal framleis liggja der innbyggjarane bur. Tenester som ikkje er stadbundne kan plasserast friare i den nye kommunen, og korleis fordela slike funksjonar vil kommunane diskutere i tida framover. Helseadministrasjon vart trekt fram som ein funksjon som kan lokaliserast uavhengig av kor innbyggjarane bur.

Forhandlingsutvala er samde om å sikra arbeidsplassar i alle eksisterande kommunehus.

Dei folkevalde ser styrka samfunns- og næringsutvikling som kanskje den viktigaste effekten av ein større kommune. Fleire trekte fram arbeidet med å betra infrastruktur, sikra arbeidsplassar og leggja til rette for nyetablering og vekst i heile kommunen.

Det blir fleire møte fram til 1. februar om innhaldet i intensjonsavtalen for ein ny kommune.

Intensjonsavtalen vil gje innbyggjarane eit grunnlag til å ta stilling til eventuell kommunesamanslåing.

Deltakarane opplevde forhandlingsklimaet som godt og at det var ein god, open og ærleg tone. Mange uttrykte at forhandlingsutvala fekk fram viktige synspunkt og problemstillingar og at utvala i løpet av møtet kom lenger i drøftingane enn forventa.

Forhandlingsutvala møtest igjen fredag 15. januar.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut