Fiber-breiband til alle i Feios

Vik kommune har i dag tildelt avtale om bygging av høgkapasitet breiband i Feios til Telenor AS. Avtalen vil gi husstandar og verksemder tilbod om fiberbasert breiband heilt heim. I tillegg vil tilbodet innehalda både tv-tenester og nye telefonitenester via fiberkabelen. Me tek sikte på å signera avtalen så snart prosessen tillet det.

Dekningskart
Dekningskart Feios

Avtalen kjem i stand etter at kommunen sist haust vart tildelt statlege midlar til breibandsprosjektet i Feios. I prosjektet "Fiber til bygdene i Vik" har kommunen tidlegare fått statleg støtte til utbygging av Vangsnes. På Vangsnes gjekk avtalen til Sognenett AS, og bygging av anlegget startar opp i desse dagar. Anlegget på Vangsnes skal vera ferdigstillt innan 1.9.2015.

Me minner også om vidare arbeid i Fresvik og Arnafjord og tidligare annonserte informasjonsmøte:

Arnafjord, måndag 16.3.15
Fresvik, tysdag 17.3.15

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut