Telenor

Fiber-breiband til heimen i Feios, Fresvik og Arnafjord

Telenor er i kommunen denne og neste veke, og samlar inn avtalar frå alle i Feios, Fresvik og Arnafjord som ønskjer fiber-breiband inn i huset sitt.

Anlegget i Feios har vore i drift ei stund, anlegget i Fresvik er snart ferdig bygd, medan anlegget i Arnafjord er i oppstartfasen. For Arnafjord sin del får me opplyst at etableringsgebyret vert redusert til 4.990,- i høve tidlegare opplyst. For Fresvik er prisane som tidlegare annonsert.

Me oppmodar alle til å ta kontakt med Sverre Kristian Normann for snarast å inngå avtale. Dette gjeld også dei i Arnafjord som har levert intensjonsavtale til kommunen, og det gjeld også kundar i Fresvik som har møtt utfordringar med digital tinging. Normann når de på telefon: 400 22 878.

Tips ein ven  Skriv ut