Finn planane sjølv på internett

Alle som har internett har no tilgang til det digitale planarkivet i kommunen.
Her får du ei forklaring på korleis du skal gå fram for å finna dei gjeldande reguleringsplanane i kommunen.
Ikkje ver redd for å prøva den nye tenesta.
Hald musepeikaren over bileta og klikk for å få bileta større)

Rettleiing:

Sognekart
Start med å gå inn i kartbasen til Indre-Sogn på adressa www.sognekart.no. Her får du opp eit kart over heile regionen. Bruk lupa som ligg på den blå verktøy-linja (sjå Sognekart-1) og lag ein firkant over det området i kommunen du vil sjå nærare på. Du zoomar deg no inn i den kommunale kartbasen Marker område

No går du i boksen til venstre for kartet og vel karttype. Teksten står enno på bokmål og du må velje Regulerings/Bebyggelses-planer.
Kartet oppdaterer seg sjølv.

Når du er i kartmålestokk over 1: 50.000 vil du ikkje sjå kvar det er gjeldande planar. Fyrst i målestokk under 1: 20 000 byrjar du å sjå detaljar i reguleringsplanane. Det er lurt å ha zooma seg ned til målestokk 1:1000 for å få fram flest mogeleg detaljar i plankartet før du ber om meir informasjon. 
 

 Velg karttype
Når du er i kartmålestokk over 1: 50.000 vil du ikkje sjå kvar det er gjeldande planar. Fyrst i målestokk under 1: 20 000 byrjar du å sjå detaljar i reguleringsplanane. Det er lurt å ha zooma seg ned til målestokk 1:10.000 for å få fram flest mogeleg detaljar i plankartet før du ber om meir informasjon. No vel du regulerings og bebyggelsesplaner i vindauget til venstre (sjå Sognekart-2). Kartet oppdaterer seg sjølv.
 
 

 

Tips ein ven  Skriv ut