Flatbygdi skule

Flatbygdi skule er plassert sentralt i bygda, like ved Rv 13, ca 1 km sør for Vik sentrum.

Bygningsmessig spenner skulen over ein tidsepoke på 60 år, der midtbygget er eldste delen, ungdomsskulebygget med ein typisk 60-talsbygning, barneskulen frå 70-åra, idrettshallen "Blixhalli" i frå 1999, og bassenget som vart nyrenovert i 2005.

Skulen har òg ballbinge og bibliotek. Dette er den største skulen i kommunen med 239 elevar fordelt på 1.-10.klasse, og med 32 tilsette hausten 2010. I tillegg til elevane frå Vik, går også elevar frå Valsvik skule her frå 8.årssteg, og elevar frå Vangsnes skule frå 5.årssteg.

Skulen har eit nært samarbeid med Vik kulturskule innafor ein del av musikkundervisninga. Rektor er ansvarleg både for skule, leksehjelp og skulefritidsordning (SFO). SFO har også eigen dagleg leiar.

Skulestart: kl 08.30
Skuleslutt: kl 14.00

1-4 klasse har fri onsdagar

 Flatbygdi skule har eiga nettside på flatbygdi.skule.no

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut

Sjølvbetening

Tenesteomtalar

Avdelingsinformasjon