Valbanner 2013

Førehandsrøysting til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

Førehandsrøystinga til årets val er i gong. Dersom du ikkje har høve til å røysta på sjølve valdagen, kan du førehandsrøysta på kommunehuset i Vik.

Ordinær førehandsrøysting
Den 10. august starta den ordinære førehandsrøystinga, og du kan førehandsrøysta fram til fredag 11. september. I Vik kommune er lokale for førehandsrøysting tenestetorget i kommunehuset. Opningstidene for røystelokala er: 

måndag til fredag: kl 09:00 – 14:00

Ta med valkort og legitimasjon!  Alle skal no ha fått valkort i posten, men me gjer merksam på at du kan røysta sjølv om du ikkje har fått valkort. Ta i tilfelle med gyldig legitimasjon.

Ambulerande røysting
Sjuke og uføre som ikkje kan røysta der det vert halde førehandsrøysting, kan etter søknad få førehandsrøysta der dei oppheld seg. Søknadsfristen er 3.9.2015. Søknad kan sendast sekretariat for valstyret:

Valstyret
Vik kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn

E-post: postmottak@vik.kommune.no  

Telefon: 57 69 82 00

Førehandrøysting på institusjonar
Vik kommune vil også halda førehandsrøysting på offentlege institusjonar etter følgjande tidsplan:

  • Vik fengsel, 03.09.15 klokka 09:00 - 10:30
  • Fresvik bygdaheim, 07.09.15 klokka 11:00 - 1230
  • Vik bygde- og sjukeheim, 09.09.15 klokka 11:30 - 13:30

Valdagen
Valdagen er 14. september.  Du kan røysta på førehand i alle kommunar i landet, men på valdagen må du røysta i den kommunen du har registrert bustadadresse den 30. juni. Du kan berre røysta ein gong.


Valstyret i Vik

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut