IMG_2835

Førjulstida på Vik bygde- og sjukeheim

Advent er ei spesiell tid, men kanskje særleg i år. Me på Vik bygde- og sjukeheim ynskjer å gjera vårt ytterste for å gjera adventstida for bebuarane spesiell og minnerik, sjølv om ho ikkje vert slik me er van med.

På grunn av pandemien vert det ikkje like mykje besøk frå pårørande som før. Me får heller ikkje ha like mange som besøker sjukeheimen med kulturelle innslag. Me saknar at skule og barnehage er innom, og håpar Koronaen snart gjer det mogeleg igjen. Me jobbar likevel det me kan for å skapa gode stunder for bebuarane våre.

Me ynskte å pynta VBS litt ekstra akkurat i år, og ynskte oss eit hjarta for å vera med å lysa opp kvardagen for bebuarane, og bygda vår! Vår flinke vaktmeistar Håvard tok bestillinga på strak arm og etter litt var han tilbake med det finaste hjarta me har sett! Eit symbol på omtanke for kvarandre, og at alt skal bli bra!

I førjulstida planlegg me koselige adventsstunder på avdelingane våre, bakedag for bebuarane og fokus på juleførebuingar som bebuarane kan vera deltakende i, for å nemna noko.

I tillegg håpar me å få til nokre kulturelle innslag som kan lata seg gjera samstundes som me får ivareteke smittevernet. Me har og invitert skulen til å komma inn i hagen vår å opptre for oss, eller berre for å leika litt å bygga snømenn, viss me er so heldige at me får snø!

Me vil og nytta høvet å takka pårørande og andre besøkande for forståing og tolmod i året som har vore! Me veit det har vore krevjande for alle å ha avgrensa omgang med dei ein er glad i!
Takka vera innsats frå alle ser det ut til at me går ei roleg juletid i møte. Me vil framleis jobba målretta med smittevern, og gjera vårt ytterste for å ivareta bebuarane våre på ein trygg og god måte!

God adventstid til dykk alle frå oss på Vik bygde- og sjukeheim!

ALT BLIR BRA!

Tips ein ven  Skriv ut