Padling i Sognefjorden

Folkehelseoversikt Vik kommune 2019

Folkehelselova set krav om at alle kommunar skal ha ei oppdatert folkehelseoversikt. I 2019 har vi jobba med Folkehelseoversikt for Vik kommune og i kommunestyret den 19.12.2019 vart arbeidet presentert for dei folkevalde. 

Folkehelseoversikta skal gjera greie for seks hovudtema: 

1. Befolkningssamansetning
2. Oppvekst- og levekår
3. Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø 
4. Skader og ulukker
5. Helserelatert åtferd
6. Helsetilstand

For kvart tema har vi leita fram offentleg tilgjengeleg statistikk. Statistikken vi finn for vår kommune vert samanlikna med snittet elles i landet, fylket eller andre samanliknbare kommunar. Slik får vi eit bilete av tilhøva i Vik kommune i høve andre kommunar og/eller landet elles. 
Folkehelseoversikta for Vik kommune gir oss eit godt kunnskapsgrunnlag for planar og oppgåver som Vik kommune skal jobbe med vidare framover. 
Her finn du Folkehelseoversikt for Vik kommune 2019.

Folkehelseoversikt Vik kommune 2019-11-22.pdf

Tips ein ven  Skriv ut