fhelse

Folkehelseoversikt

Vik kommune har, saman med sju andre kommunar i Sogn og Fjordane, delteke i eit folkehelse-nettverk i regi av KS. 

fhelse
Britt Marit Stadheim og Turid K. Brekke deltek på KS si nettverkssamling og presenterer førebels folkehelseoversikt for Vik kommune for ordførar og rådmenn i alle deltakarkommunane.

Folkehelselova set krav om at alle kommunar skal ha ein oppdatert folkehelseoversikt.  Folkehelseoversikta skal gjera greie for seks hovudtema: 

  1. Befolkningssamansetning
  2. Oppvekst- og levekår
  3. Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø 
  4. Skader og ulukker
  5. Helserelatert åtferd
  6. Helsetilstand

Vi  er no godt i gang med dette arbeidet og målet er å kunne sluttføre arbeidet i løpet av hausten 2019. I den første fasen har vi jobba med å finne fram kunnskap i form av statistikk.  Statistikken vi finn om Vik kommune vert samanlikna med snittet elles i landet, fylket eller andre samanliknbare kommunar. På den måten kan vi få eit bilete av om vår kommune skil seg ut på nokre område.  Visste du for eksempel at Vik kommune så og seia ikkje har fråfall frå vidaregåande skule? 

I samband med dette arbeidet er det danna ei tverrsektoriell arbeidsgruppe, sett saman av folk frå både helsesektoren, Nav, oppvekst, teknisk og plan og forvaltning.  Arbeidsgruppa skal, i tillegg til å finna fram rett statistisk grunnlag, drøfte årsak og konsekvensar for dei ulike hovudtema. 

Ein helseoversikt for Vik kommune vil gi oss eit godt grunnlag for å kunne forstå samfunnsutviklinga i kommunen. Folkehelseoversikta vil vera eit viktig kunnskapsgrunnlag for andre planar og oppgåver som Vik kommune skal jobbe med vidare framover. 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut