Høgretjørn

Forbod mot vatning i Vik og på Vangsnes

Grunna det langvarig, varme veret og avgrensa kapasitet til å rensa vatnet, er det innført forbod mot vatning. Forrbodet gjeld private abonnentar tilkopla Vik og Vangsnes Vassverk, og det gjeld fram til det vert oppheva.

Alle abonnentar vart varsla vis SMS og e-post onsdag kveld, og kommunen takkar for den raske responsen på desse meldingane. Natt til torsdag var forbruket til private nær halvert i høve natta før. Det er god kapasitet i høgdemagasina til vassverka, men restriksjonane er naudsynte fordi renseanlegga ikkje er dimensjonert for langvarig høgt forbruk. Slik forbruket var rett før forbodet vart innført, var det ikkje kapasitet til å rensa nok vatn i same tempo som det vart forbrukt.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut