Forlik i Terrasaka

Det er inngått forlik mellom DNB og kommunane i Terrasaka. Forliksavtalen vart signert i Oslo i går. Avtalen er avhengig av godkjenning i partane sine styrande organ. For kommunane vil det sei kommunestyra. Avtalen er vidare avhengig av at alle partane godkjenner avtalen. 

Avtalen går på at kommunane samla skal betala til banken kr 650 mill. Det opprinnelege søksmålet var på kr 1,3 milliard. For Vik kommune sin del betyr dette at kravet på om lag kr 153 mill. blir redusert til kr 95 mill, ein reduksjon på omlag kr 58 mill. Konsekvensen er at det attståande oppsamla underskotet, som ved sist årsskifte var på kr 36 mill. blir dekka inn, og at det i tillegg kan opprettast eit disposisjonsfond på kr 22 mill. 

Me er godt nøgde med resultatet, og særskilt at ein no kan sjå framover utan kontinuerleg fokus på inndekkingskrav.

Det er framleis uavklara saker i kjølvatnet av Terrasaka. Dette gjeld krav knytt til Terra Securities si ansvarsforsikring, krav knytt til Terra Securities si styreansvarsforsikring og krav i buet etter Terra Securities. Evt. utbetaling i desse sakene vil gå til kommunane. 

Forliksavtalen skal handsamast i Vik kommunestyre den 18.6.2015.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut