Formannskapet
Formannskap
Publisert: 7. 10. 2010
A. Opplisting av oppgåver
Formannskapet skal (ved å vedta eller gi innstilling til kommunestyret) handsame følgjande saker:
- Lage verksemdsplan for neste budsjettår
- Heilskapsplanar og større tverrsektorielle planar
- Kommunedels- og reguleringsplanar (gi innstilling til kommunestyret)
- Politiske leiings- og samordningsoppgåver og i densamanheng søkje samarbeid med andre kommunar med tanke på løysing av interkommunale oppgåver til føremon for kommunen og distriktet
- Leia og samordne årsbudsjettarbeidet og leggje fram forslag til samla årsbudsjett, jfr. §45 og 46 i kommunelova
- Leia og samordne arbeidet med økonomiplanen leggje fram forslag til økonomiplan, jfr. §44 i kommunelova
- Arbeide ut årsmelding kvart år for sitt arbeidsområde
B. Fullmakt – hastesaker
Formannskapet har mynde til å treffe vedtak i saker som ordinært skulle vore avgjort i kommunestyret, i dei høve det er turvande å treffe vedtak så raskt at det ikkje vert tid til å innkalle kommunestyret, jfr. §13 pkt 1 i kommunelova.
C. I samsvar med kulepunkt nemnde ovanfor er Formannskapet kommunen si plannemnd.
D. Supplert med to representantar frå organisasjonane utgjer Formannskapet og kommunen sitt administrasjonsutval
E. Formannskapet er kommunen si klagenemnd i klagesaker.
Formannskap 2019 - 2023:
Roy Egil Stadheim | AP | Ordførar | roy.egil.stadheim@vik.kommune.no |
Marta Sofie Vange | H | Varaordførar | martasvange@gmail.com |
Eivind Helleland | SP | Medlem | helleland.eivind@gmail.com |
Siri W. Bøtun | SP | Medlem | siri@sbnatur.no |
Aud Marit B. Feidje | AP | Medlem | aud.marit.berge.feidje@vik.kommune.no |