Vik

Forsikringsselskapet ACE må betala kommunane nær 90 millioner kroner i Terra-saka

Høgsterett har avgjort at anken frå ACE og frå Hattfjelldal ikkje blir fremma. Med dette er det sett punktum for kommunane sitt søksmål mot ACE, og lagmannsretten sin dom er rettskraftig. 

Som følgje av dette må ACE betala nær 90 millioner kroner til kommunane. Forsikringspolisen er avgrensa til 50 millioner kroner, men med tillegg av renter og saksomkostningar for tingretten og lagmannsretten, vert beløpet over 86 millionar kroner. Vik kommune sin del av erstatningsbeløpet utgjer vel 9 millionar kroner.

Som kjent kom Borgarting lagmannsrett, i dom 22. april 2016, til at Terra var erstatningsansvarleg for si uaktsame rådgjeving både til Haugesund og Hattfjelldal kommunar. ACE si anke over dette spørsmålet har ikkje ført fram.

I spørsmålet om kommunane sitt krav var dekka under ein eller to polisar, kom lagmannsretten, på samme måte som tingretten, til at kommunane sitt krav berre er dekka under ein polise (polisen for 2007/2008). Hattfjelldal fremma ein avgrensa anke over dette forsikringsrettslege spørsmålet til Høgsterett. Av Høgsterett si avgjerd kjem det fram at heller ikkje denne anken blir fremma.

Lagmannsretten si avgjerd om at Terra er erstatningsansvarleg ovanfor både Haugesund og Hattfjelldal kommune, har betydning for alle kommunane som har vore involvert i saka. For det første har retten sin uttale om ansvarsforholdet betydning for dei seks øvrige kommunane sitt søksmål mot ACE. At ansvarsforholdet så klart vert slege fast  i dommen, har også betydning for konkursbuet si prøving av fordringane. For det tredje har den rettskraftige dommen betydning for den gjenståande forsikringssaka mot AIG om styreansvarsforsikringa, som også omfattar den tidlegare leinga i Terra Securities. 

Kommunane er nøgde med at det nå vert sett sluttstrek for spørsmålet om ansvar i denne saka. Domstolane si avgjerd om kven som hadde ansvaret for Terraskandalen har vore det vesentlege, og kommunane ser på den rettskraftige dommen som ei oppreising. Dommen stadfestar kommunane sitt syn på Terra si rådgjeving. Samstundes avkreftar dommen det inntrykket Terra og forsikringsselskapet har prøvd å skapa av kommunane si involvering. Dommen sler fast at det er Terra si uaktsomme rådgjeving som har ført til tapa kommunane er påført, og at det ikkje er grunnlag for avkorting i forsikringsbeløpet.

 

Kontaktperson: Rådmann Oddbjørn Ese

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut