Tenester A-Å
Fosterheim/Å vere fosterheim
Generelt
Tenesteomtale
Har du eller de lyst til å vere fosterforeldre og evnar å gi born ein trygg og god heim? Ein fosterheim tek imot born når barnevernstenesta har avgjort at ein skal setje i gang eit hjelpetiltak eller i samband med omsorgsovertaking. Kommunen har ansvaret for å godkjenne og føre tilsyn med heimen. Du vil få den nødvendige opplæringa.
Kriterium/vilkår
Fosterforeldra skal vurderast nøye opp mot det individuelle behovet som fosterbarnet har. Dei viktigaste krava til deg er at du er i ein stabil livssituasjon og har eit sosialt nettverk - uansett om du er sambuar, einsleg eller gift.
Barneverntenesta skal alltid vurdere om nokre i barnet sin familie eller nære nettverk kan veljast som fosterheim.
For å bli godkjend, må du leggje fram tilfredsstillande politiattest. Det kan krevjast politiattest også frå andre som bur i fosterheimen.
Andre opplysningar
- Dato oppdatert
- 2020-03-02 08:27