Fotokonkurransen «Mitt kulturminne 2015»

Vik kommune inviterer til fotokonkurranse. Fotokonkurransen er ein del av arbeidet med kulturminneplan for Vik. Kulturminne er spor og minne  etter menneske før oss, frå steinalder og fram til vår eiga levetid: Gravhaugar og bygningar, vegar  og stiar, bru og kai, steingardar og styvingstre, minnesmerke, reiskapar og andre gjenstandar.  

Alrekstølen (Foto: Nils Kvamme)
Alrekstølen (Foto: Nils Kvamme)
Steingjerde på Engi i Fresvik
Steingjerde på Engi i Fresvik

Ta gjerne bilete av

  • eit kulturminne som er viktig for deg
  • eit kulturminne som du synest at fleire bør vite om
  • eit kulturminne som står i fare for å gå tapt

Skuleelevar frå 5. til 10. klasse  er spesielt inviterte, men alle kan delta. 

Ta bilete av kulturminnet og skriv ein kort forklarande  tekst (maks. 100 ord) om sjølve kulturminnet, og kvifor du  valde det som «Mitt kulturminne  2015».  

Bilete og tekst kan lastast opp via skjemaet nedanfor, eller send bilete og tekst på e-post til postmottak@vik.kommune.no.

Du kan også sende brev i posten til: Vik Kommune,  postboks 134, 6891 Vik i Sogn eller levere i tenestetorget på kommunehuset (merk med namn!).

Fristen for innsending av bidrag er 15. september 2015.  

Dei beste bileta vert publiserte på  Vik Kommune si heimeside, og  på eiga utstilling seinare. Beste skuleklasse vert premiert! 

Bli med!






Skriv ein kort forklarande tekst (maks. 100 ord) om sjølve kulturminnet, og kvifor du valde det som «Mitt kulturminne 2015».

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut