plankart endring Tenaal

Framlegg til planendring for detaljregulering Tenål – høyring

Detaljregulering Tenål vart vedteken 16.02.2017. I samband med påfølgjande arbeid med grunnerverv og opparbeiding av ny infrastruktur viser det seg at det er naudsynt med mindre endring av eit avgrensa område i vedteken plan.

Endringane gjeld byggeområde BF18 og BF19 på plankartet. Sjå vedlagt dokument:

Endring detaljregulering  for Tenål 1417-2014002
Endring plankart Tenål 2019
​Endring føresegn Tenål 2019

Vedtaksmynde:
I delegasjonsreglement for Vik kommune er mynde til å gjera vedtak om mindre endringar i reguleringsplan etter PBL delegert til Rådmannen. Den aktuelle endringa i høve justerte tomtegrenser og avkøyrsle er vurdert til å vera ei  «mindre endring» då endringa i liten grad påverkar gjennomføringa av planen. Endringa går heller ikkje utover hovudrammene i planen eller viktige natur- og friluftsområde. Endringa vert dermed omfatta av Rådmannen sitt vedtaksmynde etter delegasjon.

Partar i området og høyringsinstansar er varsla med eige brev. Merknader må vera innkomne til Vik kommune innan 18.12.2019.
Merknad kan sendast på e-post til post@vik.kommune.no eller som brev til Vik kommune, Pb 134, 6891 Vik i Sogn.

Som eit alternativ kan du sende merknad/innspel til endringa på formularet nedanfor. Merknaden vil då gå rett til kommunen sitt postmottak, som registrerer desse fortløpande.






Tips ein ven  Skriv ut