Kleivi

Framlegg til reguleringsplan for Kleivi på Vangsnes - off ettersyn

Høyring og offentleg ettersyn av privat framlegg til reguleringsplan for området Kleivi på Vangsnes  er  kunngjort med slik annonsetekst i Sogn Avis

Framlegg til privat reguleringsplan for området Kleivi på Vangsnes vert med dette lagt ut til høyring og offentleg ettersyn i samsvar med Plan- og bygningslova §12-10.

Planområdet  på om lag 3,4 daa landareal ligg  mellom RV 13 og sjøen omlag 800m sør for Vangsnes ferjekai.

Planen skal leggja  til rette for  bygging av 4 nye  fritidsbustader av rorbu-type, samt opprusting av 4 eksisterande nausteigedomar  til rorbu. Planforslaget er i samsvar med føringar i  gjeldande kommuneplan.

Tiltakshavar for planarbeidet er eigar av gbnr. 97/135 Even Søfteland og Ingunn Prestegard.

Høyringsinstansar og partar i planområdet får plandokumenta tilsende.

Plandokumenta vert og lagde ut i kommunehuset.

Vedlagde plandokument gjer nærare  greie for bakgrunn og planframlegg:

01 Plankart

02 Illustrasjonsplan

03 Planomtale

04 Planføresegner

05 Ros-analyse

06 Merknader til oppstartvarsel

Merknader  må vera innkomne til Vik Kommune, boks 134, 6891 Vik i Sogn.Merknad kan sendast på E-post: Postmottak@vik.kommune.no

Du kan og sende inn din merknad ved å nytte skjema nedanfor. Merknaden går då direkte til kommunen sitt postmottak.

Frist: 22.2.2016.  

For Vik Kommune                                               

Ottar Wiik  Plansjef





Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut