Korona status: Sist oppdatert 5.4.20

frivilligheitssentral

Frivilligsentral

Vik kommune har oppretta frivilligsentral, og treng frivillige som kan hjelpe folk med daglege gjeremål. 

Korona-pandemien har ført til at fleire av oss vil trenge hjelp til praktiske oppgåver i kvardagen som handling og utkøyring av bosdunkar. For nokon kan det vera  godt å ha nokon å prata med i denne tida når me skal halda oss mest mogeleg for oss sjølve. Treng ein slik hjelp så kontaktar ein frivilligsentralen (sjå kontaktinformasjon under). 
 
Behov for frivillige 
Helse og velferd må prioritera pleie framover som følgje av at mange tilsette er i karantene. Me har difor større behov for hjelp av frivillige og ber difor frivillige melda seg til leiar for sentralen Thale Halset ( sjå kontaktinformasjon under).
 
Aktuelle oppgåver vil vera:  
Handling av matvarer og apotekvarer
Utdeling av middag 
Oppgåver i institusjonane
Telefonkontakt til einslege
Lufting av hund for personar i karantene/ isolat
Enkle oppgåver i huset  
Køyre ut bosdunkar
 
 
Generell informasjon om Frivilligsentralen 
Innbyggarar som treng hjelp til arbeidsoppgåver eller ynskjer å prata med nokon kan ta kontakt med frivilligsentralen. 
 
Opningstider:
Måndag til fredag 9 – 15. 
Kontaktpersonar: 
Leiar: Thale Halset, tlf : 90539833, e-post: Thale.Charlotte.Halset@vik.kommune.no  
Liv Turid Fuglesteg, tlf, 90868179, e-post liv.turid.fuglesteg@vik.kommune.no 
 
Kontaktpersonane formidlar arbeidsoppgåver vidare til frivillige og andre som kan bidra. 
Tips ein ven  Skriv ut