Fysioterapi

Generelt

Alternativt navn

Fysioterapitenesta Vik kommune

Tenesteomtale

Fysioterapi kan bli gjeve både for å forebyggje og for å behandle sjukdom eller skade. Du kan få behandling aleine eller i gruppe

I Vik kommune er all fysioterapiteneste kommunal, og omfattar 4 årsverk.. Tenesta er ein del av kommunen sitt tverrfaglege habiliterings- og rehabiliteringstilbod, og blir òg tilbode i sjukeheim

Målgruppe

Menneske med sjukdom, skade eller belastingslidingar som har eller står i fare for å få redusert funksjonsevne.

Kriterium/vilkår

Vaksne heimebuande treng rekvisisjon frå lege eller sjukehus.

Bebuarar på institusjon treng tilvising frå gruppeleiar

Barn og unge treng rekvisisjon frå lege eller tlvising frå helsestasjon  eller skulehelsetenesta.

Pris for tenesta

Trygda yter delvis stønad til dekking av utgifter til undersøking og behandling hos fysioterapeut  Pasienten betaler eigendel fram til frikortgrense som er på kr. 1990,- Behandling og transport til behandling er gratis for born under 16 år, og personar med godkjend yrkesskade.


fysioterapi pris

Brosjyrar, dokument, kart og liknande

Fysioterapiavdelinga ligg i sokkeletasjen til Vik Bygde og Sjukeheim med inngang frå parkeringsplassen.

Tlf: 57698715

 

Samarbeidspartnarar

Fysioterapitenesta er organisert i Rehabiliteringsavdelinga som i tillegg omfattar Hjelpemiddelformidling

Ergoterapi

Vik Velferdssenter.

aaa

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå forskrift om habilitering og rehabilitering §§ 7 og 8.

Sjå òg folketrygdloven § 5-8, pasient- og brukerrettighetsloven § 1-3 og kapittel 7 og forskrift for sykehjem § 2-1.

Lover

Folketrygdloven
Pasient- og brukerrettighetsloven

Forskrifter

Forskrift for sykehjem
Forskrift om funksjons- og kvalitetskrav for fysioterapeuter med kommunal driftsavtale
Forskrift om habilitering og rehabilitering
Forskrift om stønad til dekning av utgifter til fysioterapi m.m.
Syketransportregisterforskriften
___

Praktiske opplysningar

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan få tenesta anten du bur heime eller på institusjon. Bur du heime og ikkje er i stand til å oppsøkje eit fysikalsk institutt, kan du få tilbod om at behandlinga skal skje i heimen.

Høve til å klaga

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. 

___

Andre opplysningar

Dato oppdatert
2019-08-21 14:10

Sjølvbetening

Tenesteomtalar

Avdelingsinformasjon