Utsikt Hønsi

Generell utsett frist for spreiing av husdyrgjødsel

Fristen for spreiing av husdyrgjødsel er utsett til 1. oktober i heile kommunen.

Mellom anna på grunn av mangel på grovfôr etter turken, gjev Vik kommune landbruksføretak generell utsett frist for å spreia gjødsel til 1. oktober. Det er viktig å unngå avrenning så langt det let seg gjera, og halda god avstand til elvar og bekkar. Løyvet gjeld ikkje om marka vert frosen eller snødekt. Sjå vedtaket her.

Tips ein ven  Skriv ut