hjortekolle og kalv

Godkjenning av områdebestandsplan for Vik hjorteviltområde 2016-2018

Interimstyret for bestandsplanområdet Vik har fått godkjenning på
«Bestandsplan for Vik hjorteviltområde 2016 – 2018». Dei 15 valda som har tilslutta seg planen omfattar 86 % av alt teljande areal i kommunen.

Forvaltningsmålet er å halde bestanden på dagens nivå med høg produktivitet, stabile slaktevekter, redusert skadeomfang, betre avgjerdsgrunnlag for forvaltninga og godt samarbeid mellom jaktrettshavarane.

Med dette tek/får jaktrettshavarane eit større ansvar for forvaltning av hjorteviltbestanden. Bestandsplanen og organiseringa opnar for ein ny og meir fleksibel forvaltning der ein ser heile hjortestamma i kommunen under eitt. Dette gir eit godt grunnlag for få til ei hjorteforvaltning med reduserte konfliktar og vedvarande, god produksjon og avkastning.

Styret med 7 medlemmar skal konstituerast i løpet av september. 

Bestandsplan
Vedtak om godkjenning av områdebestandsplan for Vik hjorteviltområde 2016-2018

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut