Åsedalen

Godkjent besøksstrategi i Stølsheimen

Stølsheimen verneområdestyre har godkjent besøksstrategi med kommunikasjonsplan for Stølsheimen landskapsvernområde. Desse to dokumenta skal vera arbeidsverktøy for besøksforvaltning i Stølsheimen.

Arbeid med ny nettside  for Stølsheimen landskapsvernområde er i gang. Dersom nokon har bilete frå Stølsheimen, og spesielt frå innfallsportar og grendene, er det fint om de vil dele dei på den nye nettsida.

Minner samtidig om fotokonkurransen som det framleis er mogeleg å delta i. 
Bilde sendast på e-post til joval@fylkesmannen.no innan 1. februar 2021. Ver merksam på reglar oppgitt i lenkja under fotokonkurransen!

Besøkstrategi
Kommunikasjonsplan

Anbjørg Nornes
Verneområdeforvaltar
 

Tips ein ven  Skriv ut