Gran

Granplanting 2016

Planting av gran etter hogst er eit tiltak innan skogkultur som det kan søkjast NMSK-midlar (Nærings- og miljøtiltak i skogbruket) til. 

Per i dag kan ein få tilskot som svarer opp til 70 % av kostnaden, både for innkjøp av planter og for sjølve plantinga. Med mindre ein søkjer om dispensasjon frå planteplikta i skogbrukslova, er ein som skogeigar plikta til å forynge granarealet ein har hogge med gran innan tredje år etter hogst.

Har du planar om å kjøpa og/eller planta gran i vår?  Ta kontakt med Vestskog v/August Evensen telefon 954 15 111, august.evensen@vestskog.no

Plantepriser gran 2016:
Pr. plante = 3,40 kroner.
Vestskog har også furuplanter.

Vestskog har også ein plantegjeng som kan ta sjølve plantejobben. Dei vil vera i sving i perioden 1.-17. mai.
Pris pr. utplanting = 2,80 kroner.

Meir informasjon får du også hjå kommunen: Karen Weichert, telefon 905 34 102, karen.weichert@vik.kommune.no

Tips ein ven  Skriv ut

Sjølvbetening

Tenesteomtalar

Avdelingsinformasjon