Aud Marit Berge Feidje

Gullepleprisen til Aud Marit Berge Feidje

Aud Marit Berge Feidje frå Feios skule i Vik kommune, har fått gullepleprisen 2016. Det er Norsk Pedagogisk Dataforening som står bak prisen. Berge Feidje har fått denne prisen for arbeidet sitt med å nytta digitale verktøy i begynnaropplæringa ved å nytta arbeidsmetoden STL+, skriva seg til lesing med talestøtte. 

I juryen si grunngjeving heiter det m.a. følgjande:
«Vinneren har på beste måte brukt IKT til å fremme elevenes læring, med et bevisst forhold til at tidlig innsats gir best læringsresultat. Vinneren har tilpasset og utviklet metoden i takt med den teknologiske utviklingen og bevist at solid arbeid over tid gir godt utbytte».

Juryen er sett saman av Bente Moen Kristiansen, Øivind Stengrundet, Sissel Bjørkevold Thommassen, Phillip Kaspersen og Viggo Fedreheim.

Prisen vart delt ut torsdag på NKUL, som er Noreg si største utdanningsmesse. 

Tips ein ven  Skriv ut