Har du hogstmoden skog i bratt terreng?

Sogn og Fjordane Skogeigarlag har planar om å få ei taubane til hogst i bratt skogsterreng til Vik i sommar. Tidspunktet er antyda til juni månad. Planlegging av arbeidet startar rett etter påske.

Ta kontakt med skogeigarlaget v/August Evensen på tel. Telefon: 954 15 111 eller på e-post august.evensen@sfskog.no. Skogeigarlaget gjev deg også råd og hjelp ved vurderinga om skogen din er hogstmoden eller ikkje.

Tilskot til drift i vanskeleg terreng
Fylkesmannen gjev i år tilskot til taubanedrift . Søknaden skal sendast kommunen til kontroll før kommunen vidaresender til Fylkesmannen. Søknaden må vera hjå Fylkesmannen minst 4 veker før hogst. Ta difor kontakt med kommunen v/Karen Weichert (tel. 414 42 726, karen.weichert@vik.kommune.no)  i god tid!

Les om tilskotssatsane og vilkår her.

Brosjyre for skogeigarar "Tommersal for dummies".

Tips ein ven  Skriv ut