Husnummer

Har du hugsa å montera opp husnummerskilt?

Det er snart tre år sidan Vik kommune var ferdig med adressetildelinga. Les meir om status og kva du sjølv må passa på.

Dei fleste bustadane, fritidsbustadane og næringsbygga knytte til vegparsellar skal ha fått tildelt adresse. Unnataket er dei som ligg til vegparsellar der namnet ikkje er avgjort, eller bygningar som ikkje er knytt til ein vegparsell eller eit område. 

I samsvar med adresseforskrifta i Vik kommune var fristen for å setja opp godkjent skilt med husnummer 6 mnd. etter at adressa var tildelt. Alle er plikta til å gjere dette. Kommunen kan gi pålegg og eventuelt utføre dette om eigar ikkje rettar seg etter forskrifta. Eigar vil då bli fakturert. 

Ein ser no at svært mange ikkje har fått montert opp husnummerskilt, og at mange av dei som har fått det utført har montert skilt som ikkje er godkjent. 

Meir informasjon finn du ved å lesa §7 og §8 i adresseforskrifta.

Du kan også ta kontakt med kommunen om du treng hjelp eller rettleiing. 

Tips ein ven  Skriv ut