VorePFest

Har du vore på fest? Ta ein test!

Ikkje vent til du får symptom. Når smitten vert påvist raskt er det større sjanse for at du ikkje rekk å smitta familie og vener.

Me rår alle til å redusera talet på festar og talet på nærkontaktar dei næraste vekene. Det er eit ganske stort pågåande smitteutbrot i Sogndal kommune no, og situasjonen der er noko uoversiktleg. I Vik er det førebels avgrensa smitte og kommunen har grei oversikt over situasjonen.

Hugs smittevernreglane:
Hald avstand, vask hender og hald deg heime om du er sjuk.

Det vert utført koronatestar alle kvardagar kl 11.00 på Vik Legekontor. For å bestille test må du avtale på tlf 57 69 87 00. 

Tips ein ven  Skriv ut