Tenester A-Å
Heimehjelp
Generelt
Tenesteomtale
Du kan søkje om heimehjelp dersom du treng praktisk hjelp til reingjering og handling.
Det kan vere hjelp til å bestille hushaldsvarar, eventuelt få desse levert på døra, å få levert varm middag eller kald middag for oppvarming, og hjelp til vask av klede, oppvask, husvask og vask av vindauge.
Det er kommunen som i samarbeid med deg avgjer kva for tenester du skal få. Målet er at du skal vere i stand til å bu heime.
Målgruppe
Kriterium/vilkår
Du har krav på bistand dersom du ikkje kan dra omsorg for deg sjølv eller er avhengig av praktisk hjelp for å greie dei daglege gjeremåla. Du har eit særleg behov for hjelp på grunn av sjukdom, funksjonshemming eller av andre årsaker.
Pris for tenesta
Dersom heimehjelparen skal bistå deg med personleg stell (toalettbesøk, å stå opp, av- og påkleding, osb.), skal den delen av tenesta vere gratis. Kommunen kan ta eigenandel for annen type praktisk hjelp.
Heimehjelp-pris
Brosjyrar, dokument, kart og liknande
Egenandel hos fysioterapeut og manuellterapeut
Hjelpetilbud i kommunen
Samarbeidspartnarar
aaa
Dette er ei lovpålagd teneste etter helse- og omsorgstenestelova. Sjå blant anna helse- og omsorgstenestelova § 3-2. Om betaling, sjå kapittel 8 i forskrift til lov om sosiale tjenester.
Lover
ForvaltningslovenHelse- og omsorgstjenesteloven
Forskrifter
Forskrift om egenandel for helse- og omsorgstjenesterKvalitetsforskrift for pleie- og omsorgstjenestene
Verdighetsgarantiforskriften
Retningslinjer
Rett til egen tros- og livssynsutøvelse___
Praktiske opplysningar
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om heimehjelp, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på dine vegner, må vedkommande ha fullmakt.
Skjema
Omsorgstenester-søknadskjema
Vedlegg
Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.
Søknadsfrist
Søknaden sendes til
Sakshandsaming
Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Normalt vil vi komme på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.
Sakshandsamingstid
Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.
Høve til å klaga
Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.
Helsenorge/pasientrettar/klageordningar
___Andre opplysningar
- Dato oppdatert
- 2020-03-02 08:27