Helsestasjon for ungdom

Generelt

Tenesteomtale

På helsestasjon for ungdom kan du snakke om og få råd om
  • Psykisk helse
  • Å vokse opp i to kulturar
  • Vanskelege forhold heime
  • Graviditet, prevensjon og abort
  • Seksuelle overførbare infeksjonar
  • Spiseforstyrringar
  • Alkohol, piller og narkotika
  • Vald eller overgrep
Helsestasjonen er open på ettermiddagar, det er gratis og du treng ikkje bestille time.
Alle som jobbar på helsestasjonen har teieplikt.
 
Dersom du ikkje tidlegare har fått barnevaksinasjonar, vil du få tilbod om vaksinering gjennom helsestasjonen fram til du er 20 år.

Her kan du ta opp aktuelle spørsmål kring helsa di, eller du treng nokon å prata med om ting som opptek deg, eller plagar deg.

Helsesøster har kompetanse på prevensjons- og seksualrettleiing og kan rekvirera hormonelle prevansjonsmiddel til jenter f.o.m 16 år. Det er også høve til gratis klamydiatest og gravitest. Helsesøster samarbeidar med turnuslege og ved behov kan du få legetime.

Vi har teieplikt!

Målgruppe

Helsestasjon for ungdom er eit tilbod til ungdom, jenter og gutar mellom 13 og 20 år. 

Pris for tenesta

Tenesta er gratis

Brosjyrar, dokument, kart og liknande

Helse - HPV vaksine til unge kvinner
aaa

Kommunen plikter å tilby helsestasjons- og skolehelseteneste til born og unge under 20 år. Sjå

Helse- og omsorgstjenesteloven § 3-1, § 3-2, § 3-3
Pasient- og brukerrettighetsloven kapittel 7
Forskrift om helsestasjons- og skolehelsetjenesten § 5, § 6 og § 7.

Lover

Helse- og omsorgstjenesteloven
Helsepersonelloven
Pasient- og brukerrettighetsloven

Forskrifter

Forskrift om helsestasjons- og skolehelsetjenesten
___

Praktiske opplysningar

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Kontakt Vik helsestasjon på helsetunet, helsesøster Inger Lise Fjærestad
tlf 576 98711/41 46 85 07

Høve til å klaga

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Sjå utfyllande informasjon på lenkja:
https://helsenorge.no/rettigheter/klageordninger

 

___

Andre opplysningar

Dato oppdatert
2018-07-23 14:46

Tenesteomtalar