Helsestasjon

Generelt

Tenesteomtale

Helsestasjonen for barn følgjer barnet frå fødsel til skulealder. På helsestasjonen får du
  • Svangerskaps- og barselomsorg, blant anna tilbod om heimegjesting etter fødsel. Helsestasjonen vil også gi råd eller tilby kurs om foreldrerolla og om samliv. Du kan få prevensjonsrettleiing og rekvirering av prevensjonsmiddel.
  • Helseundersøkingar og vaksinasjon for barn frå dei er nyfødde til dei når skulealder.
  • Dersom du har barn med spesielle behov eller som er kronisk sjuke eller funksjonshemma, vil helsestasjonen samarbeide med anna helsepersonell for at barnet skal få det rette tilbodet.
  • Hjelp til god psykisk helse og førebygging av psykiske vanskar.
Helsestasjonen har eit spesielt ansvar for å følgje med på barn og familiar i potensielt vanskelege livssituasjonar og vil sørgje for hjelp og oppfølging både til barn og foreldra deira.


Føremål med helsestasjon er å fremja god helse og trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold og førebyggja skade og sjukdom hjå barn og ungdom 0-20 år. Vi ønskjer å bidra til råd og rettleiing, helseopplysning, helseundersøkingar, vaksinasjonar og tverrfagleg samarbeid.

I tillegg til faste konsultasjonar og helseundersøkingar, kan du som forelder/føresett ta kontakt om små og store bekymringar og spørsmål kring barnet ditt.

 

 

Målgruppe

Gravide, barselkvinner, foreldre til nyfødde, barn i alderen 0-5 år. Barn og ungdomar opp til 20 år tilhøyrer også målgruppa for helsestasjonen, men som oftast gjennom skulehelsetenesta eller helsestasjon for ungdom. 

Vi ynskjer at alle brukarar av helsestasjonen får den tenesta dei har behov for. Tenesta skal også fange opp og bidra til at barn med særlege behov får oppfølging.

Pris for tenesta

Tenesta er gratis.

aaa

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå blant anna

Helse- og omsorgstenestelova § 3-1 og § 3-2
Smittevernlova § 3-8
Pasient- og brukarrettslova kapittel 7
Forskrift om helsestasjons- og skolehelsetjenesten.

Lover

Helse- og omsorgstjenesteloven
Helsepersonelloven
Pasient- og brukerrettighetsloven
Smittevernloven

Forskrifter

Forskrift om helsestasjons- og skolehelsetjenesten

Retningslinjer

Helsestasjon 0-5 år
___

Praktiske opplysningar

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Når du har født, vil helsestasjonen ta kontakt med deg og avtale tid for anten heimebesøk eller oppfølging på helsestasjonen. Du vil få innkalling til vaksinasjonar og regelmessige kontrollar av barnet.

Høve til å klaga

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.​ Sjå utfyllande informasjon på lenkja:https://helsenorge.no/rettigheter/klageordninger

___

Andre opplysningar

Dato oppdatert
2018-07-23 14:46

Tenesteomtalar