Korona status: Sist oppdatert 5.4.20

Helsetunet

Helsestasjonen, jordmortenesta og Vik legekontor legg om drifta som følgje av koronasituasjonen

Tenestene legg om drifta grunna Covid-19 smittesituasjonen. Alle rutinekontrollar vert avlyst fram til og med 13.04.20 (kan bli forlenga).

Legetenesta

Kontoret vil tilby konsultasjoner på kontoret kun til pasienter med  problemstillinger som ikkje kan vente. Vi er tilgjengelege på telefon og viss det er noko ein er ynskjer å få avklart eller lurer på kan ein ta kontakt på telefon. Det er som alltid viktig å ta kontakt viss det kan vere mistanke om alvorleg sjukdom. Alle som har planlagte legetimar vert kontakta av legekontoret for avklaring av behov for helsehjep.

Alle pasienter skal ringe legekontoret/legevakten før dei kjem. Ingen skal møte direkte på kontoret utan avtale. Legekontoret har eigen inngang og og eige kontor for pasientar med luftvegssymptom.

Kommunen oppmodar alle som har høve til det å nytte nettstaden besoklegen.no til henvendingar om reseptfornying og spørsmål om sjukemelding (klikk på lenka her).

Kontaktinformasjon:

  • Vik legekontor: 57 69 87 00
  • Legevakt utanfor kontortid: 116 117

 

Helsestasjon og jordmortenesta

Dersom gravide eller foreldre har spørsmål, kan de ringje telefonnummera nedanfor:

  • Jordmor: 909 30 769
  • Helsestasjon: 57 69 87 11/414 68 507
Helsestasjonen og jordmortenesta i Vik kommune ynskjer å beskytte dei mest sårbare brukarane våre mot korona smitte.
 
Me ynskjer difor ikkje at du/de skal komme på helsestasjon, om ein har:
Feber
Hoste
Sår hals
Influensasymptom
Tung pust
 
Ring  57 69 87 11 så avtalar me ny tid.
 
Frå måndag 16.03.20 vert det redusert drift på helsestasjonen og hjå jordmortenesta.
 
På helsestasjonen vert det prioritert oppfølging av nyfødde og vaksinar /vektkontroll til born opptil 15 månader.
 
Anbefalte svangerskapskontrollar vert utført som normalt.
 
Konsultasjonstid vert redusert  i tråd med anbefalingar og telefonkonsultasjonar vert også nytta. Det er ikkje lenger høve til å ta med søsken til helsestasjon, eller barn på svangerskapskontroll. 
 
Me håpar på forståing for dette.
 
Inger Lise Fjærestad
Leiande helsesjukepleiar Vik helsestasjon
Tlf. 576 98711/ 41468507
inger.lise.fjerestad@vik.kommune.no

 

 

Tips ein ven  Skriv ut