Tenester A-Å
Helsetenestetilbod til innsette i fengsel
Generelt
Tenesteomtale
Det er eit viktig prinsipp at innsette i fengsel har rett til dei same helse- og omsorgstenestene som resten av befolkninga har. Tilbodet skal vere tilpassa behova til den enkelte. Retten til nødvendig helsehjelp tyder ikkje at ein har rett til eit bestemt medikament eller ei bestemt behandling, for eksempel vanedannande legemiddel mot søvnproblem. Her som utanfor fengselet er det faglege vurderingar som skal leggjast til grunn. Kommunen som fengselet ligg i, skal sørgje for at innsette har tilgang på
- allmennlegeteneste
- legevaktordning
- sjukepleieteneste
- fysioterapiteneste
- jordmorteneste
Tilbodet omfattar blant anna
- helseundersøkingar
- utarbeiding av individuell plan
- legemiddelassistert rehabilitering
- tannbehandling
- førebyggjande tiltak
- tilrettelegging for tida etter frigjeving
Pris for tenesta
Tenesta er gratis. Unnataket er omfattande tannbehandling, som den innsette må betale sjølv.
Samarbeidspartnarar
- Helse- og omsorgsdepartementet
- Helsedirektoratet
- Statens helsetilsyn
- Fylkeskommunen
- Dei regionale helseføretaka
- Kriminalomsorga
- Nav
- Barnevernstenesta
Kommunen har ansvar for helsetenesta i fengsel som ein del av den kommunale helse- og omsorgstenesta. Sjå helse- og omsorgstenestelova § 3-9.
Lover
Helse- og omsorgstjenestelovenPasient- og brukerrettighetsloven
Spesialisthelsetjenesteloven
Forskrifter
Forskrift om sosiale tjenester, bopelsløseRetningslinjer
Veileder om helsetjenestetilbud til innsatte i fengsel___
Praktiske opplysningar
Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Den innsette skal så raskt som mogleg etter fengsling få informasjon om helse- og omsorgstenestetilbodet. Innsette som ber om det, skal få tilbod om helseundersøking eller konsultasjon hos lege.
Høve til å klaga
Innsette i fengsel har klagerett på same måten som resten av befolkninga. Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.
Sjå utfyllande informasjon på lenka:
https://helsenorge.no/rettigheter/klageordninger
___
Andre opplysningar
- Dato oppdatert
- 2020-03-02 08:27