"Herr Kurz og damene" på biblioteket

Som eit resultat av eit bibliotek- og teatersamarbeid i Sogn og Fjordane legg Aldateateret dei komande vekene ut på turne i 14 kommunar med teaterstykket "Herr Kurz og damene". Stykket hadde premiere våren 2014 og fekk då svært god mottaking. Onsdag 15. april kl. 1930 kan du sjå dette stykket på Vik folkebibliotek.  Billettsalg på biblioteket på førehand, eller ved inngangen.  Billettpris: kr 100,-

 

Kurz
Herr Kurz og damene
Kurz
Herr Kurz og damene

Aldateaterets oppsetting «Herr Kurz og damene» er eit drama med utspring i historia om den tyske kunstmålaren og forfattaren Karl Friedrich Kurz som budde i Vårdal i Askvoll i perioden 1924 til 1950,  i tillegg til å ha budd kortare tid både på Lågøy og i Vadheim.

Kurz var ein anerkjend og svært populær forfattar i det tyske språkområdet, og mykje av det han skreiv var prega av inntrykka frå det norske landsskapet og bygdemiljøet. 
«Herr Kurz og damene» viser den dramatiske og rørande historia om Herr Kurz og forholdet til kvinnene i livet hans. Rolf Losnegård har skrive manus, Kyrre Eikås Ottersen spelar Herr Kurz, medan Idun Losnegård spelar alle kvinnerollene. Les omtale frå Firdaposten her.

Arrangør:  Vik folkebibliotek samarbeider med Aldateateret, Sogn og Fjordane fylkesbibliotek og Sogn og Fjordane teater om framsyninga. Framsyninga er ein del av ein turné til bibliotek i fylket, økonomisk støtta av Nasjonalbiblioteket.

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut