Jaktlag

Hjortejakta i Vik 2015

Resultatet frå hjortejakta er no rapportert inn med 300 felte hjort i 2015. Avskytinga held seg overraskande stabil dei siste åra; 304 dyr (2014),  302 dyr (2013) og 309 (2012) . 

Fellingsprosenten vart låg i år, 64 %, men dette skuldast altså ikkje færre felte dyr, berre høgare tildelt kvote. Det var gjeve løyve på 439 hjort denne jakta (408 i 2014).  Auken i tildelte løyve kjem av at Vik Vest storvald ynskte å få til eit større uttak av hjort som gjer skade på innmark i området Tryti/Bø og Skjørvo.

Av enkeltvalda hadde Geithus, Sylvarnes, Hanekam og Snytta 100% uttak. Valda Hauglum/Bungum, Vollevik, Stavedalen og Hovsmarki hadde over 80% felling. Nokre vald har jamt lite eller ikkje noko uttak over fleire år.

Slaktevekter

Valda er flinke å sende inn slaktevekter som er eit mål på kondisjonen i bestanden. I Vik har slaktevektene lege stabilt i mange år, noko som er teikn på god forvaltning. Til samanlikning har slaktevektene gått ned på store deler av Vestlandet. Mykje av forklaringa på stabile vekter i Vik er truleg at veksten i hjorteviltbestanden har stogga og at særleg storvalda i lang tid har vore flinke på å ta ut såkalla skrapdyr og i større grad lete godt vaksne koller og bukkar få leve.

For jakta 2015 var vektene (i kg) i snitt slik:

 

Fordeling på kjønn og alder
Det vart likevel ei endring i fordeling på kjønn og alder i jakta 2015. Den prosentvise fordeling har lege ganske stabil siste åra, men no har det vorte felt ein lågare andel 1 ½ års gamle bukkar og koller og andelen felte eldre bukkar og koller har auka tilsvarande. At avskytinga av hannkalv alltid er høgare enn hokalv er naturleg av di det vert fødd fleire hannkalvar. 

 

Avskytinga fordelt på kategoriane alder og kjønn (i prosent) er slik:
Kjønn År 2015  År 2014  År 2013
Felt hannkalv 12,7 13,2 11,6
Felt hokalv 9,7 9,9 9,9
Felt bukk 1 1/2 år 19,3 22,4 22,2
Felt kolle 1 1/2 år 12,0 13,5 15,6
Felt bukk eldre 24,7 21,4 21,2
Felt bukk eldre 21,7 19,7 19,5

Det vart felt 38 hannkalv, 29 hokalv, 58 spissbukk, 36 ungkoller, 74 vaksne bukkar og 65 vaksne koller i 2015. 

Fellingsresultat på det enkelte vald

Kommunen set ikkje opp fleire grafar og tolkingar i dette brevet i år då det vert lagt opp til ein grundig gjennomgang av statistikk i samband med framlegget til bestandsplan for heile området Vik hjort som er på trappene. Leiarane for dei fem storvalda har oppretta eit interimstyre som har leigd inn Siri Bøthun Naturforvaltnig som sekretær. 

Fellingsavgifter 
Prisen er som før 180 pr kalv og 330,- pr vaksen. Kvar enkelt skal betale til valdleiaren som mottek faktura. Storvalda får som vanleg behalde kalveavgifta. 

Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut