kart bevaringsomr for hummar

Høyring - framlegg til etablering av bevaringsområde for hummar

Sognefjorden Vel har starta arbeid med å innføre bevaringsområde for hummar i Sognefjorden. Sogn regionråd står for koordinering av dette arbeidet for kommunane i Sogn.

Første revisjon av rapporten var lagt ut til høyring den 22.1.2018. I fellesmøte med Balestrand og Høyanger kommune den 8.2.2018 vart det gitt tilbakemeldingar mellom anna frå Vik. Resultatet viser i vedlagte rapport.

Høyringsdokument (pdf)

Høyringsuttalar kan pr post sendast til:

Vik kommune
Postboks 134
6891 Vik i Sogn

eller som e-post til kommunen sitt postmottak: postmottak@vik.kommune.no

Uttalar kan òg innsendast på formularet nedanfor. Merknaden/innspelet går då direkte til kommunen sitt postmottak. Frist: 9.3.18

 





Tips ein ven  Skriv ut