vilkårsrevisjon vassdrag

Høyring i vilkårsrevisjonar

Høyring i vilkårsrevisjonane for Steinslands-/Modalsvassdraget og Evanger kraftverk – Eksingedals- og Teigdalsvassdraget.

I samband med vilkårsrevisjonane for Steinslands-/Modalsvassdraget og Evanger kraftverk – Eksingedals- og Teigdalsvassdraget ligg no regulanten sine revisjonsdokument ute på høyring.

Revisjonsdokumenta er tilgjengelege på NVE sine nettsider www.nve.no/konsesjonssaker. For å snevre inn søket vel «Vannkraft» under «Alle typer» og «Revisjon av vilkår» under «Alle sakstyper». Generell informasjon om revisjon av konsesjonsvilkår finnast på www.nve.no/revisjon. Dersom du ønskjer ein papirversjon kan du kontakte Svenn Rognås hos BKK tlf. 55127329 eller e-post: svenn.rognas@bkk.no. På NVE sine sider finn du også informasjon om korleis du kan sende inn høyringsinnspel.

Revisjonsdokumenta ligg også tilgjengelege som papirversjon på tenestetorget på kommunehuset i Vik. Kommunehuset opnar igjen for publikum etter sommarstengt kommunehus 2. august.

Høyringsfristen er 1.11.2021.

Tips ein ven  Skriv ut