Høyring namnesak

Kartverket har i samsvar med § 5 i lov om stadnamn reist namnesak for 4 gardsnamn i Vik kommune.

Dei 4 gardsnamna er:

  • Alrek / Ålrek (gnr. 75)
  • Borlaug / Bårlog (gnr. 157, 158)
  • Breili / Breilid / Breidli / Breidlid (gnr. 144, 145)
  • Grundeland / Grundland (gnr. 135, 137, 139)

Dei som har bruksnamn som inneheld gardsnamnet vert tilskrivne direkte.

Kommunen hentar inn og samordnar høyringsfråsegnene, og sender dette til Stadnamntenesta på Vestlandet. Stadnamntenesta gir tilråding til Kartverket som har vedtaksmynde.

Brev frå kartverket om namnesaka kan du lesa her.

Frist for å koma med eventuell fråsegn vert sett til 1. juni 2015.

Fråsegna skal sendast til Vik kommune, postboks 134, 6891 Vik i Sogn, eller på e-post til postmottak@vik.kommune.no. Det er også høve til å senda fråsegn med skjema nedanfor.


 

 






Tips ein ven Tips ein ven Skriv ut Skriv ut